Bygdebasen - eit rammeverk for gards- og ættesoger på internett
Demoversjonen av Bygdebasen er midlertidig utilgjengeleg på grunn av omarbeiding av innhaldet.

The demo version of Bygdebasen is temporary offline due to revision of the content.

Framdrift

1. desember 2006
Demoversjonen publisert.
Hausten 2006
Registrering og klargjering av demoversjonen.
Våren 2006
Fekk kr 100 000 i stønad frå Vik og Voss regionalt næringsfond. Las inn i basen 23 000 personar frå Vik, som er registrerte av Neil Hofland. Registrerte 4 namnegardar for demoversjon av basen. Vidareutvikla produktet med eksport til PDF (gardssoga), utskriftsvennlege versjonar, kart og lenkjesamling til kvart objekt.
Vinteren 2006
Har brukt ein del tid på utsjånad og presentasjon på nettsida. Basen er ferdig til å testast med hjelp av registratorar. All hovudfunksjonalitet er implementert, og vidare utvikling går no på å straumlinjeforma applikasjonen og retta programmeringsfeil. Mindre viktig funksjonalitet som lenkjesamling for kvart objekt (person, gard osv.) og hjelpefunkjon for registratorane står og for tur.
Hausten 2005
Gjorde ferdig geografidelen. Grafiske skjema over brukarane på gardane er sentrale i presentasjonen. Brukarskjemaene fungerer som eit slags innhaldstabell over folk på gardane, samtidig som dei fungerer som grafisk grensesnitt for registratorane. I tillegg til det garanterer dei at det er god kvalitet på dataene, til dømes at det ikkje finst brukarar som overlappar kvarandre i tid. Ferdig med alle knytingar mellom geografi og slekt.
Sommaren 2005
Starta med geografidelen, det vil sei inndeling i bustader og gardar, brukarskjema og personar si tilknytning til bustadene.
April 2005
Arbeidde med det grafiske brukargrensesnittet i slektsdelen. Utvikla nye verktøy basert på eksisterande byggjesteinar: etterkommarliste, forfedreliste, liste over alle slektningar ut til firmenningar, og utrekning av slektskap mellom to tilfeldige personar.
Nyåret 2005
Datamodellen blei grundig drøfta, og ein revidert modell blei teikna opp.
Oktober og november 2004
Utvikla fyrste versjon av basen og verktøy for import frå GEDCOM-filer. Mesteparten av funsjonaliteten i slekts-delen, med slektstre, persondata og familiedata blei fullført. Eit brukarvennleg grensesnitt for registrering av slektsdata blei utvikla.

Vik IT-Partnar AS har i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane sett i gong prosjektet Bygdebasen. Me tek sikte på å laga ei ramme for komplette gards- og ættesoger på Internett. Bygdebasen vil innehalda informasjon om både reine slektsdata og busetjingsdata.

Slektsdatabasar på Internett er ikkje noko nytt, men Bygdebasen vil gjera materialet fyldigare ved å leggja til fakta om gardar og bruk, bruksdeling, landskyld osv. samt kommentarar, bilete/multimedia og historiar knytte til personar. Innanfor lokalhistoriefaget har ein i dag god nytte av databasar frå til dømes Digitalarkivet og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Bygdebasen vil ta utviklinga eit langt steg vidare ved å knyta saman opplysningar frå alle desse basane og meir. Det vil resultera i eit heilt nytt og kraftig verktøy for lokalhistorikarar og slektsforskarar.

Ideen bak prosjektet er:

  • Bygdebasen skal vera open for alle. Inntektene skal byggja på lisens for å få lagt ut data. Den opne strukturen gjer at søkjemotorane fritt kan indeksera basen, og folk vil lett finna fram via eit enkelt grensesnitt.
  • Ei bygdebok er i hovudsak eit oppslagsverk for slektsinteresserte. Oppslagsverk i bokform er i ferd med å gå ut på dato, og dette gjeld i høgste grad for bygdebøker der datagrunnlaget er stort, komplisert og vanskeleg å organisera på ein oversiktleg måte.
  • Eit sett med rapport-malar mogeleggjer endå mange måtar å henta ut data frå basen. Brukaren kan få generert forfedretre eller etterkommartre, bruksdelingsskjema over gardar osv.
  • Bygdebasen vil vera den staden der alle kjende slektsopplysningar til ei kvar tid er lagra. Profesjonelle og eldsjeler i kommunen vil få direkte tilgang til eit brukargrensesnitt der dei kan oppdatera og føya data til databasen. Publikum vil kunna rapportera feil i basen direkte via kommentarfelt på brukarsidene.
  • Både brukarsida og registrator-sida vil få eit grensesnitt som er så enkelt som mogeleg. Det populære programmet Embla Familie og Slekt er velkjent blant granskarar og har eit veldig enkelt og intuitivt grensesnitt. Me vil prøva å bruka hovudlinjene her som modell for registrator-sida i Bygdebasen.
  • I ytterste konsekvens kan Bygdebasen verta så godt organisert og velhalden at den dagen ei bygdebok skal skrivast, kan ho hentast rett frå ein rapport frå basen.

Databasen vil vera skalert for å kunna romma data frå fleire kommunar, og slektslinjer vil strekkja seg mellom kommunane.